top of page

Havre til kua gir mindre metan og sunnare mjølk

Av Åsmund Bjørnstad, 19.04.2023



Kua er som kjend i søkelyset. Raping av metan, metta mjølkefeitt og raudt kjøt gjer ho til både miljø- og helseversting – og leverandør av gode vi nødig vil unnvera, som mjølk, ost og biff, pluss av kulturlandskap med historie. Men både metan og metta feitt kan vi rette litt på om kua får meir havre og mindre bygg enn i dag. Det viser nye forsøk ved Sveriges Landbruksuniversitet i Umeå (Fant m.fl., 2022, 2023) der mjølkekyr fekk havre i staden for bygg i kraftfôret.


Det første viktige resultatet er at havre minka metanutsleppet med 5,6% per liter mjølk. Dette er ikkje så uventa, fordi feitt i fôret er kjend å ta ned utsleppa av metan. Havren inneheld 4-6% feitt, mot 1% i bygg. Konklusjonen er at å fôre med havre kan bli eit viktig bidrag til å få ned utsleppa av metan.


Kvar ku sleppte ut like mykje metan, men ho produserte 3,5% meir mjølk (1,1 kg) om dagen med havre. Denne auken i avdrått er då det andre viktige resultatet.


Det tredje er at mjølkefeittet blei meir umetta og dermed sunnare med havre. Havrefeittet er nemleg i stor grad umetta, noko som viser att i mjølka. Dei mest uheldige metta feittsyrene er dei med 16 eller færre karbonatom. Særleg er det eit mål å få mindre palmeolje (C16:0) i kosthaldet. I forsøka til Fant minka den med 3% for havre jamført med bygg, medan den ønskelege oljesyra (C18:1): auka like mykje. Litt mindre skilnader var det i den meitta, men mindre uheldige stearinsyra (C18:0).


Vi kan jamføre desse resultata med tilsvarande norske forsøk som professor Asmund Ekern på Ås utførte for 25 år sidan (Ekern m.fl., 2003). Metan var ikkje på dagsorden den gong, han såg på mjølkemengde og kvalitet.


Verknadene av havre samsvarte med dei svenske forsøka, men var omtrent dobbelt så sterke. Auken i mjølkemengd var 11% (2,6 kg/dag), og å fôre med ekstra feittrik havre, gav meir enn vanleg havre (1,2 kg/dag, eller 3,8%). Feittsyresamansettinga synte dei same endringane som i dei svenske forsøka, men var omtrent dobbelt så sterke.


I Ekerns forsøk blei auken i mjølkemengd redusert til 2,5%, når ein korrigerte for energiinnhald. Feittprosenten gjekk nemleg ned med havre, og fôret hadde litt ulik energi. At Ekern som «vanleg» havre brukte sorten «Kapp», den mest feittrike marknadssorten den gong (kring 6,9 % feitt), kan óg ha gjort sitt til dei sterkare effektane. (Den ekstra feittrike sorten var elles den svenske «Matilda», med over 9%.)


Det ligg nært å nemne forsøka med urease-behandla Alkahavre (Maxammon), som Gjølstad Gård, i samarbeid med Tine og praktiske produsentar, utførte i 2020. Også der gav havre ei yting iallfall jamstort med vanleg kraftfôr. Verknader på feittsyresamansettinga er ikkje rapportert. (Sjå artikkel i Buskap)


Sjølv om resultata spriker noko i kor sterke verknadene av havre er, er dei samstemte på desse punkta:

  1. Havre er undervurdert som kraftfôr til mjølkekyr. Etter 20 år er det kanskje grunn til å ta opp dette seriøst, heller enn å redusere havrens del?

  2. Når det gjeld feittsyresamansettinga, er konklusjonen til Fant m.fl. (2023): «Å erstatte bygg i kraftfôret til mjølkekyr med havre, er ein praktisk måte å få mjølkefeittet meir i samsvar med kosthaldsråda».



Relaterte innlegg

Se alle

Havre er sunt for friske folk

Av Åsmund Bjørnstad, 19.04.2023 At havre er sunt for helsa, er ei kjent sak – men ofte grunngitt negativt: Du unngår uroleg fordøying,...

Comments


bottom of page