Åsmund Bjørnstad <asmund.bjornstad@nmbu.no>
Havrens genom eller arvemasse er omsider kartlagt gjennom bl.a. det svenske prosjektet ScanOat.
Havredyrkinga i dag er knytt til Russland, Canada og Skandinavia, og våre naboland har forska langt meir på denne «vesle» kornarten enn vi har. Dei siste åra har det svenske prosjektet ScanOat hatt ei leiande hand på å avdekke havrens genom, det vil seie rekkefølga av dei 11 milliardar byggesteinane («basepara»), fordelt på 21 ulike kromosom. I fjor blei den kanadiske ‘OT3098’ publisert på nettet, men i tidsskriftet Nature for 18. mai står to artiklar om genomet i den svenske havresorten ‘Sang’ (1978), der ScanOat har fått med seg kollegaer i Finland, Canada og USA. Det nye no er m.a. talet på ulike slags gen og fordelinga av dei på alle kromosoma. I tillegg har dei sett på dei to stamartane for vår dyrka havre. I alt har havre over 80000 aktive gen. Av særleg interesse er dei som lagar kostfibrar av typen «betaglukan», som havre har mykje av. Talet på slike gen er ikkje større enn i dei andre kornslaga våre, men dei er meir aktive. Havre er som kjend godkjent som «gluten-fri», og i genomet finn vi berre spor av dei proteina som gjer at kveite og bygg utløyser cøliaki. Kunnskapen om havre kan dermed nærme seg den i kveite, bygg og rug, som ein har hatt i ei årrekke. Dette vil gagne foredling av nye sortar så vel som forståing av eldre og ikkje minst havrens si utviklingshistorie. Her er lenka til publiseringa av havregenomet: https://www.nature.com/articles/s41477-022-01169-z
Kommentare